Medlemskontingent 2022

Postet av Austrheim Idrettslag den 22. Jun 2022

Medlemskontingent 2022

Det er no sendt ut medlemskontingent for 2022 via IdrettenOnline.
Kontingenten gjeld frå 01.01.2022 – 31.12.2022.

Medlemskontingenten er sendt ut på e-post i første omgang, men purring vert sendt ut på SMS dersom kontingent ikkje vert betalt. Purring går via IdrettenOnline. 

Du kan velga om du vil betala kontingent med kort, Vipps eller via faktura ved å trykka på «Åpne betalingsoversikt».  Vær obs på at betaling går via Bloc AS, dvs. IdrettenOnline. Dei overfører innbetalingane vidare til Austrheim IL.

• Er du medlem og ikkje har fått faktura på e-post? Då kan det vera me har feil e-post adresse registrert.
• Stemmer ikkje medlemskontingenten med ditt medlemskap? 
• Vert du gjort merksam på ubetalt krav for første gong via purring du får på SMS? Då har me mest sannsynleg feil e-post adresse registrert, og treng å oppdatere medlemsinfo.

Dersom nokre av punkta over gjeld deg, ta kontakt med oss på medlemskontingent.ail@gmail.com så kan me sjekka opp i det. 

Husk at du sjølv har ansvar for å melda deg ut hvis du ikkje lenger er aktiv. Det må gjerast enten via heimesida, eller pr. mail (medlemskontingent.ail@gmail.com).

Har du andre spørsmål rundt betaling av medlemskontingent,  ta kontakt med oss på e-post som oppgitt i teksten over.

God sommar :)

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.