Medlemstypar AIL
Bli med i Austrheim IL og skap idrettsglede i ditt nærmiljø. Alle aktivitetar i Austrheim IL krev at du er medlem.
Medlemsskapet følgjer kalenderåret, og ein kan då delta på alle aktivitetar i regi av Austrheim IL.
Medlemstype | Kostnad pr. år |
Familie | 2000 |
Senior > 19 år | 1200 |
Ungdom 11-19 år | 800 |
Barn 4-10 år | 600 |
Honnør / Boccia | 400 |
Støttemedlem | 400 |
Støttemedlem familie | 600 |
Det er svært viktig at ein registrerer seg som medlem slik at ein er dekka av våre forsikringar, men ein er velkommen til å bli med eit par gonger for å sjå om dette er noko ein vil vera med på vidare.
Medlemskontingenten går blant anna til å betale forsikring, leige av Austrheimhall og klubbhus, utstyr til aktivitetar, medlemsskap i særforbund AIL er medlem i (t.d. Norges Fotballforbund, Turn & Gymnastikkforbund m.f.), vedlikehald og anna.
Utmelding: Medlem pliktar sjølv å gje skriftleg beskjed for å foreta ei gyldig utmelding. Det er ikkje tilstrekkelig å gje beskjed til trenar/lagleiar.
Melding om utmelding kan sendast på e-post til medlemskontingent.ail@gmail.com eller
bruk følgjande link til å søke om utmelding fra Austrheim IL:
https://austrheim-il.idrettenonline.no/account/Memberships (krev innlogging)
Søk om utmelding slik:
- Trykk Administrer ved profilen din
- Velg Austrheim Idrettslag frå lista“Klubb”
- Kryss av for utvalet du vil melde deg ut av
- Skriv ei melding om du ønskjer å gje informasjon
- Send søknad
Du vil få ein bekreftelse i e-post når utmelding er ok (etter sjekk av eventuelle uteståande faktura).