Saman opnar me dører - Bli med som bøsseberar for TV-aksjonen 19. oktober
Postet av Austrheim Idrettslag den 9. Okt 2025
Austrheim IL er med i tv-aksjons komiteen i Austrheim kommune, og skal blant anna hjelpe til med å skaffe bøsseberara, samt sjåførar til å kjøre dei rundt.
Har du anledning til å avsjå nokre timar på søndag 19. oktober frå klokka 15:00?
TV-aksjonen i år går til Atlas-alliansen, og skal opna dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom.
Saman skal me gje nødhjelp, utdanning og høve til eit betre liv.
Aksjonen vil gje funksjonshemma i Ukraina, Palestina, Nepal, Zambia, Tanzania, Etiopia og Uganda eit betre liv. Pengane som blir samla inn, skal gå til å betra levekåra for funksjonshemma og sikre likeverdig tilgang til hjelpemiddel, skulegang, arbeid, helsetenester og naudhjelp for 200 000 menneske.
Meld deg som bøsseberar til TV- aksjonen søndag 19. oktober, og bli med på årets viktigaste søndagstur frå klokka 15.00.
Send enten ein e-post til Rigmor Ludvigsen Rigmor.Ludvigsen@austrheim.kommune.no eller til AIL via til Kjersti Sætre mob. 90982148 / kjersti_saetre@hotmail.com
Del gjerne på lagsider og i grupper. Me manglar ein god del folk, og håper nokon kan bidra.
Har du spørmål, ta gjerne kontakt med Kjersti.
Mvh, Styret