TV-aksjonen 2023 - behov for bøsseberarar søndag 22. oktober
Postet av Austrheim Idrettslag den 13. Okt 2023
Hei!
Denne meldinga går ut til alle som er registrert som trenar, hjelpetrenar, lagleiar eller gruppeansvarlig i Austrheim IL.
Eg har lagt ut eit innlegg på heimesida + facebook sida vår i dag der me spør om folk har mulighet å bli bøsseberar, men veit ikkje kor mange me når ut til med dette innlegget.
Det er nokre fotballag som allerede har lagt ut melding via Spond. Dei laga/gruppene som ikkje allereie har delt, kan de vera så snill å dela informasjon via Spond for dei som brukar dette, eller på eventuelle fellesgrupper på facebook/messenger, eller at gruppeleiarar kan nevne det på trening neste veke? Ein kan berre kopiere informasjonen frå innlegget som er lagt ut i dag.
Dersom du veit ditt lag/gruppe allereie har delt informasjon om TV-aksjonen, så treng du ikkje gjere noko meir.
Hvis me er heldig, så får ein kanskje tak i nokre fleire personar som kan bidra :)
På forhånd takk for hjelpa, og god helg!
Mvh, Kjersti Sætre
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Austrheim Idrettslag
Medlemskontingent 2025
24.06.2025
Årsmøte for AIL torsdag 13. mars 2025
02.03.2025
Klubbkveld Torshov Sport 21. november 2024
14.10.2024
AIL Familiedag søndag 1. september 2024
25.08.2024