TV-aksjonen 2023 - behov for bøsseberarar søndag 22. oktober

Postet av Austrheim Idrettslag den 13. Okt 2023


Hei alle saman!


Austrheim IL er med i TV-aksjonskomiteen til Austrheim Kommune.

Me treng fleire bøsseberarar og sjåførar som kan bidra søndag 22. oktober. Pr. dags dato manglar ein ca. 30 bøsseberarar, og nokre sjåførar! 


TV-aksjonen går i år til Redd Barna - La barn leve i fred. Det handlar om å beskytta barn som er ramma av krig, og gje dei pusterom til å vera barn, og til å leika og lære i tryggleik. Aksjonen skal også gje barn som har flykta til Norge sjansen til å oppleva mestring og bli inkludert i sitt nye nærmiljø. Pengane skal fordelast mellom prosjekt i Ukraina, Syria, Bangladesh, Sør-Sudan, Den demokratiske republikken Kongo og Norge.

Meir informasjon finn ein på www.tvaksjonen.no.


Innsamlingsaksjonen startar klokka 15:00 søndag 22. oktober. Ein hentar bøsser på kommunehuset, og ein kan gjerne møte opp 14:45. Kvar rute har sjåfør og ein eller fleire bøsseberarar, avhengig av kor lang ruta er.  Dei fleste er ferdig innan 1,5 timar, men det kan variere. Når ein er ferdig med ruta si må bøsse leverast inn på biblioteket. Det vert servering av kaffi og kaker når ein er ferdig.


Har du anledning til å avsjå eit par timar for ei god sak den dagen?

Kanskje du kjenner nokon andre som kan bidra, ein nabo, slektning eller venn? 


Send ei melding til Kjersti Sætre på mob. 90982148 med navn, mobilnummer og e-post adresse på den/dei som kan hjelpe til.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.