TV-aksjonen 2022 - me treng bøsseberarar søndag 23. oktober!
Postet av Austrheim Idrettslag den 12. Okt 2022
Me treng hjelp!
Også i år er Austrheim IL (og ein del andre lag/organisasjonar) med på å arrangere TV-aksjonen saman med Austrheim Kommune.
TV-aksjonen i år går til Leger Uten Grenser og DNDis arbeid for å gje livreddande helsehjelp og medisinar til menneske som treng det mest. Meir informasjon kan du finne på www.blimed.no.
Det er behov for fleire bøsseberarar, og pr. dags dato manglar me halvparten - det vil sei omlag 50 personar.
Innsamlingsaksjonen startar klokka 15:00 søndag 23. oktober. Ein hentar bøsser på kommunehuset.
Kvar rute har sjåfør og ein eller fleire bøsseberarar, avhengig av kor lang den er. Dei fleste er ferdig innan 2 timar, men det kan variere. Når ein er ferdig med ruta si må bøsse leverast inn på biblioteket. Det vert servering av kaffi og kaker når ein er ferdig.
Har du anledning til å avsjå eit par timar for ei god sak søndag 23. oktober? Kanskje du kjenner nokon andre som også kan bidra?
Send oss ein e-post på austrheimil@gmail.com med navn og telefonnummer på den/dei som kan gå med bøsser, evt. vera sjåfør.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.