Medlemskontingent 2021 - Medlemsregister

Postet av Kjersti Sætre den 29. Sep 2021

Har du fått medlemskontingent for 2021, og har spørsmål rundt denne? 

Me sende ut medlemskontingent 17. august i år, men ser at det fortsatt er mange som ikkje har betalt. 

Kan vera du ikkje skulle vore registrert som medlem, ligg inne med feil kontingent, har gløymt å melde deg ut, eller du er medlem og ikkje har fått tilsendt kontingent. Dette kan vera fordi me har feil e-post adresse liggande registrert, eller at me manglar informasjon.

Purring går ut på SMS, og me håper då at me klarar å komme i kontakt med alle, også dei som evt. har feil e-post adresse registrert, gitt at me har riktig mobilnummer. 


Har du spørsmål i samband med medlemskap og kontingent, ta kontakt med Tom Hjelmtveit eller Kjersti Sætre på:

E-post: medlemskontingent.ail@gmail.com
Mobil: 90 98 21 48 

Me ønskjer i hovedsak at du tek kontakt på e-post slik at me har tilgong til medlemsregister når me behandlar din forespørsel.


Me gjekk over til nytt system før sommaren og det kan vera me har gammal eller manglande informasjon i samband med overgang til IdrettenOnline. Me oppdagar litt småfeil no i oppstarten som me prøver å korrigere etter kvart.


Får du påminning på e-post frå NIF om validering av medlemsdata? 
Denne vil bli sendt ut av NIF heilt til informasjon er bekrefta, eller du er sletta som medlem. Ta kontakt dersom du har problem med validering.

Manglande validering frå di side betyr ikkje at me kan sletta deg som medlem. Du kan vera aktivt medlem, men ligga registrert med feil e-post slik at du aldri mottek desse e-postane. Me er derfor avhengig av at du tek kontakt med oss slik at me kan rydda opp i dette.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.