AIL Medlemsregister

Postet av Austrheim Idrettslag den 27. Jun 2021

No er IdrettenOnline ferdig med å importera medlemsregister til Austrheim IL, og me treng hjelp av medlemmane våre til å validera og evt. oppdatera medlemsdata. 


Dei fleste medlemmane våre har fått e-post frå IdrettenOnline om å validera medlemsdata. Ber alle om ta ein gjennomgang og sjekka at personalia som ligg registrert er riktig. Du kan også logga inn via heimesida vår https://austrheim-il.idrettenonline.no og sjå på profilen din. 


I samband med manglande synkronisering i tidlegare system, samt noko manuelt arbeid med implementering av medlemmar, så kan feil førekomma. Dersom du er medlem, men ikkje har fått e-post, ta gjerne kontakt og sjekk om du ligg registrert som medlem. Det kan og vera at du ikkje lenger er medlem, og skulle vore utmeld, men likevel har fått e-post. Me treng då også beskjed om dette. 


Nokre medlemmar ligg registrert med feil/gamle e-post adresser som ikkje lenger er i bruk. Det er også nokre som ligg inne med ikkje-eksisterande telefonnummer. I håp om få kontakt med dei som ligg inne med feil e-post adresse, så vil me også i løpet av dei nærmaste dagane sende ut SMS til alle mobilnummer som ligg registrert i systemet. Me vil komme ut med meir informasjon før me sender ut melding.


Du kan sjekke profilen din via heimesida ved å logge inn med e-post på følgjande adresse:

https://austrheim-il.idrettenonline.no/login/login

Du loggar inn på profilen din med e-post adressa som ligg registrert i systemet vårt. Dersom du ikkje klarar å logge inn, send oss ein e-post på medlemskontingent.ail@gmail.com så skal me sjekke opp i kva adresse du ligg registrert med og evt. oppdatere denne. 


Inne på profilen din kan du sjekke personalia på registrert medlem, og du kan også sjå om du ligg registrert i dei gruppene du er aktiv i. Dersom du ligg på feil lag/gruppe, eller ikkje ligg registrert i alle gruppene du er med i, så kan du korrigere dette inne på profilen. Dersom du til dømes har familiemedlemskap og nokre av medlemmane for tida ikkje er aktiv i ei gruppe, så skal desse medlemmane berre stå som medlem i Austrheim IL. Det skal vera oppretta grupper for alle lag/aktivitetar + eigen gruppe for dei som har inngått støttemedlemskap.  


Utmelding

Du kan melde deg ut via heimesida vår, eller send oss ein mail på medlemskontingent.ail@gmail.com. 

Link til å søke om utmelding fra Austrheim IL:

https://austrheim-il.idrettenonline.no/account/Memberships (krev innlogging)

Søk om utmelding slik:

- Trykk Administrer ved profilen din

- Velg Austrheim Idrettslag frå lista“Klubb”

- Kryss av for utvalet du vil melde deg ut av

- Skriv ei melding om du ønskjer å gje informasjon

- Send søknad


Ta gjerne kontakt med oss på e-post dersom du har spørsmål. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.