Informasjon i samband med bytte av leverandør for medlemsregister

Postet av Austrheim Idrettslag den 6. Jun 2021

AIL har bytta medlemsregister frå Spoortz til Idrettenonline. 

Medlemmar som blir registrert i vårt medlemssystem, skal bli synkronisert til Idrettens sentrale database (ISD) som blir administrert av NIF. Ved overgang til nytt system skal ein enkelt kunne importere medlem frå denne databasen og over til nytt system. 

Me har ved import til nytt system oppdaga at synkronisering frå Spoortz ikkje har fungert som den skal. Det betyr at ein del innmeldingar og utmeldingar som har blitt gjort over fleire år, ikkje har blitt registrert i ISD, noko som igjen medfører at det er feilaktig og mangelfull import av medlemmar til nytt system. 

I samband med import til IdrettenOnline kan det vera ein del som allereie har fått melding om utmelding, utan at dei var klar over at dei stod som medlem. Me manglar også ein del medlem i nytt system, og jobbar no med Spoortz for å sjå om me klarar å synkronisere medlemsdata på nytt, slik at alle som var registrert i Spoortz blir lasta ned til vårt nye system. 

Det kan vera fleire som får melding om både utmelding og innmelding når me held på med dette arbeidet, men me ber dykk avvente med å ta kontakt dersom det er noko feil, inntil me har fått lasta ned alle medlemsdata på nytt.

Når data er lasta inn på nytt vil me sende ut tekstmelding til alle som står registrert som medlemmar, og be om følgjande: 
- gje oss tilbakemelding dersom medlemsskap er feil. 
- sjekke medlemsinformasjon (adresse, e-post, mobilnr., m.m). 


Me vil komma ut med meir informasjon når me er klar til å sende ut tekstmeldingar til våre registrerte medlemmar.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.