Oppgradering styrkerom Austrheimhallen
Postet av Austrheim Idrettslag den 27. okt 2026
Austrheim IL skal oppgradere styrkerommet i Austrheimhallen i november/desember 2026.
Rommet skal pussast opp, og alt utstyr vert bytta ut med nye treningsapparat.
I samband med denne jobben vert styrkerommet steng fra og med lørdag 21. november og opnar igjen fredag 4. desember.
Grunna stor investering med nytt styrkerom vert det endring på medlemskontingent for dei som skal nytta styrkerommet. Dette vil gjelde frå januar 2027. Ein må då betale vanleg medlemskontingent i tillegg til ein månedlig treningskontingent på kr 100 pr. brukar.
Dersom ein ikkje lenger ønskjer å vere medlem på grunn av denne endringa, må ein huske å melde seg ut innan 31.12.2026 og levere brikka si tilbake på servicetorger på kommunehuset.
Ved utmelding bruk følgjande link til å søke om utmelding fra Austrheim IL:
https://austrheim-il.idrettenonline.no/account/Memberships (krev innlogging)
Dersom spørsmål, ta kontakt med styret på mail austrheimil@gmail.com
Logg inn for å skrive en kommentar.